Tour de KÅKÅ|nomics på Bryne: Kampen om areala – vekst eller vern?

Jærkommunane Klepp, Time og Hå har 0,17 prosent av det samla arealet i Norge, men 3 prosent av den dyrka marka. I tillegg har dei eit særprega naturlandskap, tett busetnad og eit dynamisk næringsliv. Det er derfor ikkje overraskande at nokre av dei største lokalpolitiske stridane i seinare år har stått om bruken av knappe arealressursar: Datasenter på Kalberg, utbygging av jorda på Re/Svertingstad og nå planane om industriområde på Skjæret, i grenseområdet mellom Time og Hå på Høg-Jæren. Engasjementet er stort og temperaturen høg. Mange opplever at viktige natur- og kulturverdiar står på spel.

Samstundes står veksttanken sterkt på Jæren. I næringslivet og store delar av det politiske miljøet er det uro for at det ikkje skal bli rom for ekspansjon og nye arbeidsplassar i framtida.

Er vern av jord og natur ei oppskrift på stagnasjon? Eller gjer presset på livsviktige ressursar det nødvendig å ta eit oppgjer med vekstfilosofien? Eller finst det eit truverdig kompromiss mellom vekst og vern?

Deltakarar:

– Marit Epletveit, leiar i Rogaland Bondelag
– Harald Gudmestad, eigedomsutviklar
– Bothild Nordsletten, redaktør i Bondevennen og jordvernaktivist
– Jonas Skrettingland, ordførar i Hå (KrF)

Debattleiar: Tom Hetland, tidl. sjefredaktør i Stavanger Aftenblad

Forrige
Forrige

Tour de KÅKÅ|nomics i Bjerkreim: Natur på auksjon?

Neste
Neste

Konsertprogram