Kva nå, distrikts-Norge?

FRE 29. OKTOBER 2021 / 18:00 / NORSK OLJEMUSEUM

Store delar av distrikts-Norge har dei siste åra protestert mot kommune- og fylkessamanslåingar, nedlegging av lensmannskontor, samanslåing av sjukehus, nedlegging av skular og andre tiltak som er blitt oppfatta som statleg styrt sentralisering. Sjølv om næringslivet i store delar av distrikta går bra, slit utkantane med å halda folketalet oppe.

Distriktsprotesten har gitt Senterpartiet vind i segla, og andre parti har forsøkt å følgja opp i kampen om utkantveljarane. Spørsmålet er om me etter stortingsvalet vil få forsøk på ein ny og meir ambisiøs distriktspolitikk. Men kva skal til for å snu folketalsutviklinga? Finst det nye verkemiddel som kan tas i bruk når dei gamle ikkje har vore tilstrekkelege? Må dei statlege reformene reverserast? Og til sjuande og sist: Kor mykje kan ein realistisk sett forventa å oppnå med offentlege tiltak i distriktspolitikken?

Deltakarar:
– Bothild Nordsletten, redaktør i Bondevennen
– Skjalg Fjellheim, politisk redaktør i Nordlys
– Victor Norman, økonomiprofessor, leiar av det regjeringsoppnemnde utvalet som analyserte demografiutfordringar i distrikta
– Per Martin Sandtrøen, stortingsrepresentant for Senterpartiet og medlem i kommunal- og forvaltningskomiteen som har ansvar for distriktspolitikken. Master frå Norges Handelshøyskole.

Ordstyrar er Tom Hetland, historikar, journalist og kritikar.

Forrige
Forrige

Imperienes historie – et globalt perspektiv. Med Terje Tvedt

Neste
Neste

Streikens betydning for den norske modellen