Europa er i krig på andre året, råvarene blir stadig knappare, inflasjonen har festa grep og styresmaktene ute og heime har sin fulle hyre med å tilpasse den økonomiske politikken. Uvissa er stor i dei fleste marknadar, og uroa brer seg samstundes til politikk og samfunn.
Resultatet er tendensar til tilbakeslag for globaliseringa som har prega verdsøkonomien sidan årtusenskiftet. Merksemda aukar rundt sjølvforsyning og strategisk autonomi. Land og regionar trekk seg tilbake frå internasjonalt økonomisk samkvem, og det viktigaste blir å sikre seg sjølv.
Som ein litan open økonomi har Noreg alt å tene på internasjonal arbeidsdeling og handel. Tapspotensialet er difor stort ved eit tilbakeslag i globaliseringa. Samstundes har uroa i forsyningskjedene også nådd Noreg, med spesiell merksemd rundt sjølvforsyning av energi og matvarer.
Me tek debatten om korleis Noreg bør tilpasse seg ei verd i uro. På kort sikt har ein utfordringar rundt inflasjon, rentesetting og budsjettpolitikk. På lenger sikt må utanrikspolitikken og den økonomiske politikken balanserast mellom påverknad og tilpassing til ei omverd som er meir oppteken av tryggleik og sjølvforsyning.
Deltakere:
Program
09.00 – 09.10 Åpning
Møteleiar Kjetil Alstadheim, politisk redaktør, Aftenposten
09.10 – 10.00 Perspektiv for norsk økonomi
Erlend Grimstad, statssekretær, Finansdepartementet
Kjersti Haugland, sjeføkonom, DNB
Roger Bjørnstad, sjeføkonom, LO
Spørsmål og kommentarar (10 minutt)
10:00 – 10:15 Kaffipause
10.15 – 11.30 Korleis kan me best møte internasjonale økonomiske sjokk?
Hilde C. Bjørnland, professor, Handelshøyskolen BI
Knut Røed, økonom og seniorforsker, Frischsenteret ved Universitetet i Oslo
Torfinn Harding, professor, Universitetet i Stavanger
Tre innlegg á 15 minutt + 15 minutt samtale + 15 minutt interaksjon med salen
11:30 – 12.15 Lunsj
12.15 – 13.30 Alle for seg sjølv: Deglobalisering og strategisk autonomi
Fernanda Winger Eggen, Seniorøkonom i Samfunnsøkonomisk analyse
Hildegunn Kyvik Nordås, forsker, CEP og NUPI
Anders Åkerman, professor, Handelshøgskolen ved UiS
Tre korte innleiingar + paneldebatt og interaksjon med salen
13.30 – 14.30 Noreg og EU: Integrasjon eller separasjon?
Pernille Rieker, forsker, NUPI
Eirik Wærness, sjeføkonom, Equinor
Chr Anton Smedshaug, Agri Analyse
Tre innlegg á 20 minutt + spørsmål og kommentarar frå publikum
Slutt kl 14:30