Tilbake til alle arrangementer

Vil me lika det som kjem etter nyliberalismen?

På 1980-talet fekk den økonomiske liberalismen ein renessanse. Margaret Thatcher i Storbritannia og Ronald Reagan i USA gjekk i spissen for eit frislepp av marknadskreftene i økonomien. Også i offentleg sektor vart marknadsmekanismar og styringsformer frå det private næringslivet tatt i bruk for å oppnå effektivisering. Langt inn i sosialdemokratiet vart denne utviklinga akseptert som naturleg og fornuftig. I Norge vart for eksempel Statoil delprivatisert, og sjukehusa organiserte som foretak.

Dei seinare åra har dramatiske hendingar som finanskrisa, koronapandemien og klimakrisa fått fleire til å stilla spørsmål ved det nyliberalistiske hegemoniet. Skuggesidene og manglane ved marknadsøkonomien har kome tydelegare fram. Både i USA og EU er staten i ferd med å få ei større rolle i den økonomiske politikken. Men framleis er det vanskeleg å få auge på eit truverdig og samanhengande ideologisk alternativ til den globale marknadsliberalismen.

Vil eit hegemoniskifte innan den økonomiske politikken etter kvart tvinga seg fram, slik som på 1930-talet? Korleis skal det sjå ut? Og er det grunn til å tru at det vil gjera oss betre i stand enn nyliberalismen til å løysa dei mest presserande problema i vår tid? Eller vil Margaret Thatcher få rett i at svaret er TINA: There is no Alternative?

Panel:

Eric Nævdal, samfunnsøkonom, førsteamanuensis ved Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskulen på Vestlandet

Heidi Nordby Lunde, stortingspolitiker (H), leder i Europabevegelsen i Norge, skribent og foredragsholder

Nils Rune Langeland, forfattar og historikar

Programleder:

Tom Hetland, kommentator og tidl. sjefredaktør i Stavanger Aftenblad

Forrige
Forrige
26. oktober

Brukes NOUer til å fyre for kråka?

Neste
Neste
26. oktober

Morgenbladsalongen: Om Dyrtidsøkonomien!