Tilbake til alle arrangementer

Tour de KÅKÅnomics på Ålgård: Kva skjer med E 39?

  • Veveriet 4 Rettedalen Ålgård, Rogaland, 4330 Norway (kart)

Me varmar opp til festival og legg ut på den årlege debatturneen vår – veka før haustens KÅKÅnomics går av stabelen! Me inviterer lokale deltakarar til stadsaktuelle debattar og turen går denne gongen innom seks Rogalandskommunar, frå Sauda i nord til Egersund i sør!


Program på Ålgård:

Regjeringa har signalisert at ein del dyre utbyggingsprosjekt må leggjast på is eller reduserast. Statsbudsjettet i oktober kan kanskje konkretisera dette. Samstundes har miljørørsla og SV stilt spørsmål ved om me treng fire felt på E 39 heilt frå Ålgård til Søgne. Avtalen om å redusera naturtap kan dra i same retning.
Men lokalt pressar dei leiande politikarane på. Ordførarane langs E 39-strekninga har gått saman om eit utspel for fire felt og forsert utbygging. Vinn dei fram, eller må trafikantane belaga seg på lang ventetid?

Deltakarar:

Tom Kalsås (Ap), statssekretær i Samferdselsdepartementet

Frode Fjeldsbø (Ap), ordførar i Gjesdal

Heidi Bjerga (SV), kommunestyrerepresentant i Sandnes

Pernille Bonnevie Hansen, nestleiar i Naturvernforbundet

Kjetil Øygard Eidevik, styremedlem i Norges Automobil-Forbund Stavanger og omegn

Møteleiar: Tom Hetland

Forrige
Forrige
16. oktober

Tour de KÅKÅnomics i Sauda: Korleis løysa legekrisa i distrikts-Norge?

Neste
Neste
18. oktober

UTSOLGT! Tour de KÅKÅnomics på Bryne: Kva nå med datasenteret på Kalberg?