Tilbake til alle arrangementer

Tour de KÅKÅnomics i Sauda: Korleis løysa legekrisa i distrikts-Norge?

  • Folkets Hus 20 Skulegata Sauda, Rogaland, 4200 Norway (kart)

Me varmar opp til festival og legg ut på den årlege debatturneen vår – veka før haustens KÅKÅnomics går av stabelen! Me inviterer lokale deltakarar til stadsaktuelle debattar og turen går denne gongen innom seks Rogalandskommunar, frå Sauda i nord til Egersund i sør!


Program i Sauda:

I Sauda og resten av Indre Ryfylke har fastlegekrisa og problema med bemanning av legevakt vore ei heit politisk sak i mange år, og situasjonen ser ut til å forverra seg. Problemet gjeld heile distrikts-Norge og begynner også å merkast i større byar.

Legane klagar over stor arbeidsbelastning, pasientane fryktar for å stå utan fastlege og politikarane leitar etter løysingar.

Kva må gjerast?

Deltakarar:

Inga Cecilie Sørheim, fastlege

Tove Elise Madland (Ap), stortingsrepresentant

Margret Hagerup (H), stortingsrepresentant

Håvard Handeland (Ap), påtroppande ordførar i Sauda 

Møteleiar: Tom Hetland

Forrige
Forrige
16. august

Arendalsuka: Regioner uten retning og næringspolitikk til besvær

Neste
Neste
17. oktober

Tour de KÅKÅnomics på Ålgård: Kva skjer med E 39?