Me varmar opp til festival og legg ut på den årlege debatturneen vår – veka før haustens KÅKÅnomics går av stabelen! Me inviterer lokale deltakarar til stadsaktuelle debattar og turen går denne gongen innom seks Rogalandskommunar, frå Sauda i nord til Egersund i sør!
Program i Egersund:
Kva skjer i Dalane-regionen? Ein region som lenge har vore i skuggen – har fått nye sjansar, men også nye utfordringar. Korleis møta dei?
Alle dei fire Dalane-kommunane har fått nye ordførarar etter kommunevalet. Dei blir utfordra på ei rekke lokale tema: gruvedrift, vindkraft, utbygging av Bjerkreimselva, E 39, kommunesamanslåing, overstyring frå Stavanger,m.m.
Deltakarar:
Tone Vaule (Ap), ordførar i Bjerkreim
Anja Hovland (H), ordførar i Eigersund
Bjørn-Inge Mydland (Sp), ordførar i Sokndal
René Munthe Eik (H), varaordførar i Lund
Møteleiar: Arnt Olav Klippenberg