Me varmar opp til festival og legg ut på den årlege debatturneen vår – veka før haustens KÅKÅnomics går av stabelen! Me inviterer lokale deltakarar til stadsaktuelle debattar og turen går denne gongen innom seks Rogalandskommunar, frå Sauda i nord til Egersund i sør!
Program i Hjelmeland:
Hjelmeland har det meste av det som me seier me vil ha meir av under det grøneskiftet: store mengder fornybar energi, sjømat, frukt og grønt, vakker fjordnatur, pluss bra med kraftpengar. Likevel slit bygda med å halda oppefolketalet. Kva er problemet, og kva må gjerast?
Treng Hjelmeland eit sterkt og tydeleg sentrum for å lukkast? Er bygda open og spennande nok til at unge menneske har lyst å bu der? Bør Hjelmeland tenkja dristigare når det gjeld å utnytta dei nye sjansane som det grøne skiftet kan gi? Tettstaden Straumen i Inderøy kommune har knapt 1800 innbyggjarar, men fekk i 2020
Attraktiv by-prisen som vart delt ut av Kommunal-og moderniseringsdepartementet.
Næringssjef i Inderøy kommune, Trygve Wannebo innleier og deler erfaringane sine.
Deltakarar:
Anita Riskedal, Nyvald ordførar i Hjelmeland
Janne Johnsen, nytilsett kommunedirektør i Hjelmeland
Torsten Schläwicke, innflyttar og gründar
Nils Viga, Tytlandsvik Aqua AS
Møteleiar: Tom Hetland, tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad
Arrangementet er eit samarbeid mellom KÅKÅnomics og Kobbasteinen Kulturgard.