Tilbake til alle arrangementer

Tour de KÅKÅnomics i Sandnes: Sandnes etter Wirak

  • Syd Vest (tidl. Sandnes Brygge) 15 Havnegata Sandnes, Rogaland, 4306 Norway (kart)

Me varmar opp til festival og legg ut på den årlege debatturneen vår – veka før haustens KÅKÅnomics går av stabelen! Me inviterer lokale deltakarar til stadsaktuelle debattar og turen går denne gongen innom seks Rogalandskommunar, frå Sauda i nord til Egersund i sør!

Program i Sandnes:

Stanley Wirak (Ap) går av etter 12 år som Sandnes-ordførar i eit utradisjonelt samarbeid med Frp.

Wirak-perioden har vore prega av sterk Sandnes-patriotisme, utvikling av tydelegare byidentitet og fleire sjølvstendige markeringar av Sandnes si nøkkelrolle i regionen. Ikkje alle desse har vore like populære i andre kommunar, spesielt hos storebror i nord, men dei har medverka til å setja Sandnes
på kartet og til å skapa større sjølvtillit hos sandnesgaukane.

Etter dramatiske forhandlingar er det klart at Høgre og Frp overtar makta i Sandnes. Dagen etter at det nye kommunestyret har konstituert seg, møtest frontfigurane til debatt. Blir Wirak-linja ført vidare, eller blir det andre tonar i Sandnes-politikken, både internt og i forholdet til regionen?

 
Deltakarar:

Kenny Rettore (H), ordførar

Arne B. Espedal, gruppeleiar Ap

Unni Fuglestad (V), leiar for regional-, kultur- og næringsutvalet i Rogaland fylkeskommune

Svein Tuastad, statsvitar, Universitetet i Stavanger

Julie Teresa Olsen, lokalredaktør, Stavanger Aftenblad

Debattleiar: Tom Hetland

Forrige
Forrige
20. oktober

Tour de KÅKÅnomics i Hjelmeland: Bygda og det grøne skiftet

Neste
Neste
25. oktober

Fagseminaret på UiS: Fattigdom går i arv. Hvorfor? Hva kan gjøres med det?