Tilbake til alle arrangementer

Tour de KÅKÅnomics: Skal Gjesdal satsa meir på hyttebygging?

  • Veveriet 4 Rettedalen Ålgård, Rogaland, 4330 Norway (kart)

Det finst om lag 450.000 hytter i Norge. Talet har auka kraftig dei siste åra, det same har storleiken og standarden på hyttene. Me vil ha innlagt vatn og straum, bilveg til hyttedøra, badstu og yacuzzi, og sjølvsagt allslags tekniske dippeduttar.

Å ha ei hytte er til stor glede for dei heldige som har råd, og hyttebygginga gir inntekter for grunneigarar og hardt tiltrengte arbeidsplassar i distrikts-Norge. Samtidig legg den moderne hyttekulturen eit hardare press på naturen. I dei største hyttekommunane begynner protestane å koma.

Med sine vel 850 hytter er ikkje Gjesdal nokon stor hyttekommune, og standarden er nøktern samanlikna med nabokommunen Sirdal. Men Gjesdal har område som både er attraktive for hyttebygging og som har store naturkvalitetar. Og etter kvart som det vert dyrare i Sirdal, kan potensielle hytteeigarar dukka opp i Gjesdal med ønske om same hyttestandard som i Sirdal, men til lågare pris.

Kva hyttepolitikk skal Gjesdal velja? Skal kommunen opna for bygging av fleire og større hytter, eller tvert om prøva å bremsa utbygginga?

Deltakarar:

Marit Høie, leiar i utval for kultur og samfunn (H)
Hanne Marte Vatnaland, gruppeleiar for Sp i fylkestinget
Frank Skjæveland, dagleg leiar i Masiv Eiendom
Oddmund Petter Aasen, leiar i Hunnedalen velforening 
Ingeborg Vrenne, nestleiar i Naturvernforbundet i Rogaland

Debattleiar: Tom Hetland

Tradisjonen tro varmer vi opp med debatturnéen Tour de KÅKÅnomics - med stedsaktuelle debatter i et knippe Rogalandskommuner, uken før festivalen går av stabelen.

Denne gangen går turen innom;

SydVest i Sandnes, 14. oktober

Veveriet på Ålgård, 15. oktober

Mellombels på Bryne, 16. oktober

Easy i Egersund, 17. oktober

Kobbasteinen i Hjelmeland, 18. oktober

Forrige
Forrige
14. oktober

Tour de KÅKÅnomics: Kor fritt skal alkoholen flyta i Sandnes?

Neste
Neste
16. oktober

Tour de KÅKÅnomics: Nye Bryne – hyggeleg handelsby eller festning?