Tilbake til alle arrangementer

Tour de KÅKÅnomics: Kor fritt skal alkoholen flyta i Sandnes?

  • Syd Vest 15 Havnegata Sandnes, Rogaland, 4306 Norway (kart)

Sandnes var få gammalt av kjend som ein by med ein streng alkoholpolitikk. Byen hadde til og med eit «avholdsparti» som lenge var ein maktfaktor i politikken.

I dag er situasjonen ein heilt annan. Synet på alkohol er kraftig liberalisert, og Sandnes framstår i dag som ein by som bryt barrierar når det gjeld å opna for alkoholbruk på nye område. Tidlegare i år vekte det oppsikt då fleirtalet i den H/Frp-styrte byen ville tillata skjenking i frisørsalongar og andre servicebedrifter, og det var skarpe frontar mellom Sandnes-politikarane. Saka vart utsett, men vil koma opp igjen i september.

Uansett utfall av denne saka stiller me spørsmålet:  Er alkohol og rus på veg tilbake som eit stort stridstema i Sandnes-politikken? Er me vitne til ein fornya kamp om Sandnes si alkoholpolitiske sjel? Og kan alkoholspørsmålet føra til nye alliansar i kommunepolitikken?

Deltakarar:

Sverre Nesvåg, alkoholforskar og eks-politikar, gir eit oppspel til debatt.

I panelet:

Kristoffer Birkedal, varaordførar (Frp)

Kine Myhre, gruppeleiar H

Arne B. Espedal, gruppeleiar Ap

Christian Riska, gruppeleiar KrF

Debattleiar: Tom Hetland

Tradisjonen tro varmer vi opp med debatturnéen Tour de KÅKÅnomics - med stedsaktuelle debatter i et knippe Rogalandskommuner, uken før festivalen går av stabelen.

Denne gangen går turen innom;

SydVest i Sandnes, 14. oktober

Veveriet på Ålgård, 15. oktober

Mellombels på Bryne, 16. oktober

Kontoret i Egersund, 17. oktober

Kobbasteinen i Hjelmeland, 18. oktober

Forrige
Forrige
1. oktober

Studentarrangement på UiS med KÅKÅ og Deloitte

Neste
Neste
15. oktober

Tour de KÅKÅnomics: Skal Gjesdal satsa meir på hyttebygging?